Treng du skyss heim natt til søndag?

«Trygt heim for ein 50-lapp» er eit tilbod som er ope for alle, men spesielt retta mot ungdom mellom 16 og 24 år. Målet med «Trygt heim for ein 50-lapp» er å få ungdommane trygt heim på kveld- og nattetid. Tilbodet er oppretta i kommunane Flora, Førde, Eid, Gloppen, Sogndal og Stryn.

«Trygt heim for ein 50-lapp» går kvar natt til søndag heile året. I tillegg går den natt til 1. mai,  natt til 17. mai og natt til 3. juledag frå ulike tettstadar i fylket. Rutene er lagt opp til å vere både faste- og bestillingsruter. 

Reisande under 30 år betalar kr. 50,- medan dei over 30 betalar kr. 100. Reisande under 30 år har plassgaranti.

Rutene går kl. 02:30 natt til søndag frå rutebilstasjonen / Stryn Taxisentral etter nærmare avtale ved den aktuelle turen

Bestillingsrute - må bestillast på tlf. 906 79 666 innan kl. 1800 same dag:

  • Stryn - Grodås - Seljeset

Bestillingsruter - må bestillast på tlf. 57 87 23 50 innan kl. 1800 same dag:

  • Stryn - Blaksæter - Hopland
  • Stryn - Oppstryn - Hjelledalen - Skåre
  • Stryn - Utvik - Tistam

Bestillingsrute - må bestillast på tlf. 950 86 146 innan kl. 1600 same dag:

  • Loen - Lodalen - Oldedalen

Turane blir utført av Stryn Taxisentral, Olden Taxi og Hornindal Taxi i samarbeid med: